Det heile begynte for lenge, lenge sidan, da Vibeke var ei lita jente.
Ho hadde allereie da lidenskapeleg interesse for strikking!
Ho er kjent for å strikke i alle mulege situasjonar, til og med når ho søv, seier rykta.
Vibeke er lektor med opprykk og har hovudfag i nordisk. Dette har påverka henne til å alltid skrive nynorsk, sjølv om ho er frå det blide Sørlandet med blaude konsonantar og slikt.
Det er derfor også denne nettsida er på nynorsk, og sjølvsagt alle oppskriftene.


Vibeke er gift med Robert, som ikkje kan strikke!
Men han er ganske god til å lage dataprogram og sånt. Det har han halde på med i sikkert 30 år. Han har også bakgrunn innan musikk, både som musikar og lydteknikar, utan at det gjer han noko betre til å strikke..

Vibeke kan ikkje berre strikke, ho strikkar veldig fort, av og til 2 genserar i veka! Så for eit års tid sidan hendte det at ho strikka litt på bestilling. Da var det liksom litt mål og meining med den strikkinga ho heldt på med overalt.

Det var da Vibeke og Robert tenkte, "hmm, det er sikkert andre som også er flinke til å strikke og som gjerne vil tene nokre kroner på hobbyen sin".
Robert begynte å programmere ei løysing for å formidle strikkeoppdrag, og ideen til Ferdigstrikka var født.
Men nå er det jo sånn at programmering av slike løysingar frå "bunnen" av tar lang tid, sånn som det også tar tid å lage mat frå botnen av (noko også Robert liker å gjere).
Undervegs i denne prosessen begynner Vibeke å designe litt genserar sjølv, og vi finn eigentleg ut at det ikkje blei så verst! Så ho tar eit kurs i strikkedesign, og begynner å lage det eine designet etter det andre.

Innan Robert begynner å nærme seg noko når det gjeld den tekniske løysinga, har ho laga så mange design at dei tenker, "jøss, la oss heller selje desse designa, men la oss selje dei som strikkepakker, ferdigstrikk og oppskrifter!"
Det blei ein annan fokus etter dette. Men dei hadde ikkje noko garn å selje og hadde jo lyst til å tilby strikkepakkar og ferdigstrikk, ikkje berre oppskrifter. Dei tenkte at det hadde vore gøy å gjere noko saman med ein lokal aktør, altså her på det "blide Sørlandet", nærmare bestemt Kristiansand.
Robert tok ein telefon til Janne på Kremmerloftet, ein flott garnbutikk (med ein flott nettbutikk også). Ho gjekk heldigvis med på eit møte, og dei blei etterkvart einige om at Kremmerloftet kunne jo sende garnet til kundane. Det gjorde at Vibeke og Robert kunne realisere draumen om å tilby kundane strikkepakker, ferdigstrikk og oppskrifter i sin eigen nettbutikk!
Ca sånn er historia om Ferdigstrikka. Håper du finn noko du liker :)
