Logo - Ferdigstrikka

Stripegenser

Stripegenser er ein lekker, lettstrikka genser med striper i Viking Alpaca Bris. Vrangbordane er splitta med ulik lengde, og det er lange erme og høg hals. Halsen brettar du inn, ned eller lar vere høg. Genseren på bildet er størrelse S og er strikka nedanfrå og opp. Oppskrifta finst på norsk, engelsk, dansk og svensk.

kr 79,00
Dette er jo eigentleg ganske enkelt, du kjøper oppskrifta og lastar ho ned som pdf :) Men hugs at dersom du har lasta ned oppskrifta, gjeld ikkje angreretten lenger.

Størrelsar

XS (S) M (L) XL (XXL)


Mål på plagget

Overvidde: 88 (96) 104 (112) 120 (128) cm

Heil lengde: 61 (63) 64 (65) 66 (67) cm

Ermelengde: 53 (55) 55 (56) 57 (58) cm

Hals: 58,5 (61) 62,5 (64) 65,5 (67) cm


Strikkefastheit

15 m på pinne nr. 6 = 10 cm

23 omgangar i høgde = 10 cm


Pinnar Rundpinne nr. 6 40 og 80 cm


Garn

Viking Alpaca Bris, 50 gram 60 % babyalpakka, 11 merino, 29% nylon, løpelengde 150 meter


Garnmengde

Viking Alpaca Bris

Farge 326 lys jeansblå, 100 (150) 150 (200) 200 (200) g

Farge 320 lys blå, 100 (150) 150 (150) 150 (150) g

Farge 302 natur, 100 (150) 150 (150) 200 (200) g